Hopp til innhold

Sp sentralt går for heving

Senterpartiets stortingsgruppe følgjer SV og går inn for heving av U-864.

Fedje-ubåten kvikksølvtank

KVA BLIR DET? Heving eller tildekking? Alle tre regjeringspartia i Hordaland vil heve. SV si stortingsgruppe vil heve - og no vil også Sp sentralt heve ubåtvraket. På bilete ein av kvikksølvtankane på U-864.

Foto: Kystverket

Stortingsgruppa i Senterpartiet følgjer sitt eige fylkesparti i Hordaland og eit tidlegare landsmøtevedtak og vil heve ubåten utanfor Fedje.

To av tre regjeringsparti sine stortingsgrupper går no inn for heving av U-864, som ligg på havbotnen utanfor Fedje med 65 tonn kvikksølv om bord.

- Dette meinar eg vil ha stor innverknad når både Senterpartiet og SV er tydelege på dette. Og det at vi no har fatta vedtak i saka det er med å vise at vi tar Fedje-folket på alvor, seier Rune Skjælaaen, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, til NRK.

Følgjer SV

- Vi deler den frykt og uro innbyggjarane langs kysten har for ei tildekking. Vert kvikksølvet fjerna vil risikoen for all framtid vera borte, medan det med ei tildekking heile tida vil vera ein risiko for moglege utslepp av kvikksølv, skriv partiet i ei pressemelding.

Sjå også: Samleside - les alt om ubåten utanfor Fedje

No er det berre stortingsgruppa til det siste regjeringspartiet, Ap, som ikkje har gått ut og sagt at dei ikkje vil dekke til ubåten.

Hordaland Ap har også sagt dei ikkje vil følgje Kystverket sitt råd om å dekke til ubåten på havbotnen.

- I denne saka er det ikkje dei økonomiske kostnadane som skal vere avgjerande for val av løysing, seier Erling Sande, miljøpolitisk talsmann i Senterpartiet.

Ingen dato frå Pedersen

Det er knytt stor spenning til når fiskeriminister Helga Pedersen (Ap) vil ta den endelege avgjera om kva som skjer med ubåtvraket utanfor Fedje.

Pedersen var denne veka på Fedje for å lytte til lokalbefolkninga.

- Nå skal vi ta nokre rundar til før vi kommer med den endelege konklusjonen, sa Pederesen då ha vitja øykommunen.

Ho ville ikkje setje ein dato for avgjera.

Kystministeren på Fedje

VITJA FEDJE: Kystminister Helga Pedersen var onsdag på Fedje. Der kunne ho ikkje love nokon ting, anna enn å lytte til Fedje-folket.

Foto: Hommedal .Marit / SCANPIX