Hopp til innhold

Har du lyd eller video av eit hjortebrøl? Send det til oss!

Brølet frå brunstige hjortar kan høyrast mange stader i Sogn og Fjordane no for tida.

Dette er lyden av ein brunstig kronhjort. Foto: www.colourbox.com

HØYR LYDEN: Slik høyrest lyden av ein brunstig kronhjort ut. Foto: Arne Nævra, NRK

Hjortebrøla seint og tidleg er musikk i øyra på enkelte. Andre tykkjer brøla kan vere både skummelt og irriterande.

Har du fanga lyden av eit hjortebrøl? Då er vi interessert i lyd eller video.

Onsdag morgon er hjort tema i sendinga til NRK Sogn og Fjordane. Då får du møte Lars Finden i Finden som har hjorten gåande heilt inn mot husveggen.

Om du sender eit hjortebrøl, kan det enda på lufta mellom klokka 8 og 9. Vi vil også leggje dei ut på nettsidene våre.

Skriv gjerne kvar du har teke opp lyden eller videoen. Vi trekkjer ut ein vinnar som får 10 Flaxlodd og eit NRK-krus.

Slik sender du inn

Du kan sende videoen eller lyden av hjortebrølet til sf@nrk.no.

NRK har også ein eigen tipsportal der du kan sende brølet: nrk.no/03030/. Du kan også sende på mobiltelefonen din til 03030.

Ein annan måte å få over lydsnutten eller videoen på, er å bruke Signiant.

Slik gjer du det:

  • Skriv signiant.nrk.no i nettlesaren
  • Brukarnamn: nrksf
  • Passord: stringer
  • Når du kjem inn i programvaren, vel du «new» oppe til venstre. Ikkje fyll ut e-postmottakar, men vel DK Sogn og Fjordane i mappestrukturen.
  • Last opp fila di

Send inn opplevingar

Har du ei spennande historie fortelje til oss? Då er vi interessert i den også. Send e-post til sf@nrk.no eller ei tekstmelding til 1987 med kodeord SF.