Hopp til innhold

Seks kampar utan baklengsmål

Sogndal-keeper Kenneth Udjus likar ikkje sjølv å snakke om det, men uansett: Han har no stått seks heile kampar i eliteserien utan å sleppe inn eit einaste mål.

Kenneth Udjus

BAKLENGS: Kenneth Udjus vil helst ikkje snakke høgt om kor lenge han har vore utan baklengsmål.

Foto: Rune Fossum/NRK

Det har faktisk gått så lenge sidan sist at sørlendingen ikkje ein gong hugsar kor tid det sist skjedde.

– Det er ikkje i år i alle fall. Kva kamp var det, tenkjer han høgt.

– Eg stod jo over dei to siste kampane i fjor, så nei, eg hugsar det faktisk ikkje, ler han.

For det har blitt ei stund sidan han måtte bite i det sure eplet og plukke ballen ut av eige nett. I løpet av dei tre kampane denne sesongen har han stått støtt mellom stengene og bidrege til at Sogndal no figurerer i toppen av tabellen, i staden for på botn.

– Det var eit pent mål

Lista over lag som har måtte gå av bana utan å få ballen forbi sisteskansen frå Kristiansand når han har vokta Sogndal-målet i eliteserien har blitt lang. Tromsø, Stabæk, Odd, Hønefoss og Rosenborg har alle prøvd, men ikkje lukkast.

Den siste som klarte å lure ballen forbi Udjus i ein obligatorisk kamp, var Strømsgodset sin Mohammed Abu. Det skjedde den 16. oktober i fjor då Sogndal og Strømsgodset delte poenga på Fosshaugane.

– He-he, det hugsar eg godt. Det var eit pent mål, flirer Udjus.

Av laga i eliteserien 2012 er det berre Tromsø, som ved sidan av Sogndal, som har heldt målet reint dei tre første kampane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kenneth Udjus

RYDDAR OPP: Også i kampen mot Rosenborg heldt Udjus nullen i Sogndalmålet. Her er det John Chibuike som prøver å lure sørlendingen.

Foto: Alley, Ned / Scanpix

– Tillit er alfa-omega

28-åringen kom til Sogndal før fjorårssesongen som ein del av ein bytteavtale mellom klubben i saftbygda og Brann. Medan Udjus og Cato Hansen gjekk frå Brann til Sogndal, fekk dei raude trøyene i Bergen keeper Piotr Leciejewski i retur.

Medan han var i Tromsø og Brann vart han aldri førstekeeper, men i Sogndal er han udiskutabelt førsteval. Det han gjort han betre, meiner Udjus sjølv.

– Det er vel ein kombinasjon. Eg har blitt litt betre, litt eldre og litt smartare forhåpentlegvis. Det å få tillit er alfa-omega, det har alt å seie, seier Udjus.

Vil ikkje snakke høgt om det...

Men det å snakke om kor lenge det har gått sidan sist baklengsmål er ikkje noko han har så alt for mykje til overs for.

Når vi fortel at det er 486 minutt sidan, blir det med det.

– Det er ikkje verst. Men det er noko med at når det er så fokus på det, så får du deg gjerne ein eller tre i nettet neste kamp. Så eg er ikkje så glad i å snakke om det, ler han.