Hopp til innhold

Seier nei til ny ekspressbuss mellom Oslo og Bergen

Private vil starta opp den etterlengta ekspressruta mellom Oslo og Bergen. Men politikarane seier nei for å verna offentleg sponsa bussrute.

Haukeliekspressen i Bergen

MÅ BYTE BUSS: I dag må reisande som skal frå Bergen mot Oslo først ta denne lokalbussen til Odda, for så å gå over på ekspressbussen frå Haugesund.

Foto: Sølve Rydland / NRK

I ti år har strekninga mellom dei to største byane i landet vore utan ei samanhengande ekspressbussrute.

Bussreisande mellom Oslo og Bergen har i staden tatt lokalbuss mellom Bergen og Seljestad. Derfrå kan dei gå på Haukeliekspressen som går mellom Haugesund og Oslo.

Lokalbussen går like fort som ekspressbussen, men ulempen er at passasjerane får lågare komfort og må byta buss. Ein fordel er at dei får fylkeskommunen sine billettrabattar på lokalbussen.

Det vil Tide og Telemark Bilruter AS endra. Dei har søkt om løyve til å køyra ruta Bergen–Haukeli–Oslo, og dermed plukka opp lokalpassasjerane på vegen.

Men det vart ikkje enkelt då saka kom til politisk behandling i Hordaland.

Den føreslåtte ruta ville blitt parallell med Skyss si lokalrute. Derfor ga fylkespolitikarane i Hordaland denne veka Tide nei til såkalla ruteløyve til ekspressbussen.

Fryktar færre passasjerar

Roger Harkestad

FÅR NEI: Konsernsjef Roger Harkestad i Tide vil køyra ekspressbuss heilt frå Bergen til Oslo. Men fylkespolitikarane seier nei.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Eit parallelt tilbod vil undergrava dei tilboda som allereie finst i dag, seier leiar i samferdsleutvalet i Hordaland, Jon Askeland (Sp).

I 2008 vart strekninga mellom Seljestad og Bergen, som tidlegare var ein del av Haukeliekspressen, lagt ut på anbod.

Jon Askeland

SEIER NEI: Samferdsleutvalet i Hordaland seier nei til Tide og Telemark Bilruter sin søknad om å køyre ruta Bergen–Haukeli–Oslo. Leiar for utvalet, Jon Askeland, seier årsaka er at dette ville blitt eit parallelt tilbod.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Det fylkeskommunale Skyss overtok strekninga og oppretta lokalruta Bergen-Odda-Seljestad i staden for ekspressbussrute Bergen-Oslo.

– Det er særleg for å kunne styra korrespondansane som dagens busstilbod har at vi seier nei til søknaden frå Tide og Telemark Bilruter, seier samferdsledirektør Håkon Rasmussen.

Han fryktar at det totale tilbodet til reisande mellom Bergen og Indre Hordaland blir dårlegare dersom den kommersielle ekspressbussen får ta med lokalt reisande.

– Vi ville truleg ha mista ein del av styringa viss vi var heilt avhengig av det kommersielle tilbodet Haukeliekspressen, seier Rasmussen.

Haukeliekspressen Oslo - Haugesund

KJEND BUSSRUTE: Haukeliekspressen frå Oslo til Haugesund er i dag løysinga for folk som vil ta buss til eller frå Bergen og Austlandet.

Foto: Øyvind Berg / Wikimedia Commons

I strid med ny regjering

I regjeringsplattforma til den nye regjeringa (ekstern lenke), går Høgre, Framstegspartiet og Venstre inn for full liberalisering av ekspressbussmarknaden.

Konsernsjef Roger Harkestad i Tide meiner Hordaland fylkeskommune burde tatt dei rikspolitiske signala.

– Det verkar ikkje som fylkespolitikarane tek inn over seg at både NTP, statsbudsjettet og den nye regjeringsplattforma ønskjer ein meir liberal ekspressbusspolitikk.

– Proteksjonistisk

Også Gustav Bahus (Frp) er kritisk til vedtaket, trass i at han sjølv var med på samferdsleutvalet sitt nei til Haukeliekspressen.

– Eg tykkjer ikkje noko om at ein ikkje skal tillata at ein plukkar opp passasjerar innanfor enkelte område som er i konkurranse med Skyss. Det løftar ikkje akkurat det å reise kollektivt.

Harkestad seier Tide og Telemark Bilruter førebels ikkje har tatt stilling til om dei vil klaga på vedtaket.

– Kollektivtransport avlar kollektivtrafikk. Dess meir kollektivt vi kan tilby, desto betre er det for det totale rutetilbodet.