Seglbåt har sokke

Ein seglbåt på om lag 30 fot har sokke ved kai i Damsgårdssundet utanfor Damsgårdsveien. Det skal ikkje ha vore folk involvert i hendinga. Brannvesenet har vore på staden og sjekka at ikkje båten forureinar, fortel Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen Hordaland. Dykkarar skal no kontrollera båten.