Hopp til innhold

Sauebøndene ventar spent på vaksinen som skal berge lamma

Vaksinen som skal beskytta lam mot skumle bakteriar på beite, lèt vente på seg.

Sauer

VAKSINE: For at lamma skal vere trygge på sommarbeite treng dei vaksine, men global råstoffmangel gjer at vaksinen lar vente på seg.

Foto: Scanpix

– Vi går rundt og er svært spente no. Veterinæren vår har blitt lova at dei skal få inn vaksine, førebels veit vi ikkje kor mykje, seier Gry Ingvild Agjeld.

Den nyvalde leiaren i Vestland Bondelag er også sauebonde i Stryn. Der har dei gått og venta på vaksine sidan jul og no byrjar det å haste skal dei rekke det før lamminga startar.

Før lamminga er det vanleg å gi sauene ein dose pulpanyrevaksine. Via mjølka blir lamma då beskytta mot bakteriar som dei kan få i seg når dei kjem ut på beite, og som i verste fall kan ta livet av dyra.

– Dette er ein skummel sjukdom. Dyra kan sjå heilt friske ut, før du plutseleg finn dei døde på beite, seier Agjeld.

Gry Ingvild Agjeld

Sauebonde Gry Ingvild Agjeld håpar dei får vaksinen i tide før lamminga.

Foto: Privat

Mangel fram til april og mai

Legemiddelverket har varsla mangel på to av vaksinetypane som blir gitt før lamming.

Mangelen kjem av global mangel på råvarer som blir brukt i produksjonen av vaksinane.

Nye forsyningar er venta i midten av april og mai, men vaksinen skal helst bli gitt før lamminga set i gang.

– Ja, må vi vente til etter lamminga så snakkar vi fort om eit tredobling av talet på dyr som skal vaksinerast, seier Agjeld.

Spente før sesongen

Ved Osterøy veterinærkontor, som dekker Osterøy, Arna og Åsane, har dei fått inn noko vaksine, men langt frå nok, seier kommuneveterinær Bjørn Hallan.

Etter råd frå vaksineprodusentane har dei i førsteomgang prioritert å gi vaksine til førstegongsfødande sauer, som er dei som er mest utsette.

– Så får vi i etterkant vaksinere det vi kan av dei resterande sauene. Vi byrjar no å få ei oversikt, og slik det ser ut no er det mykje sau her på Osterøy som ikkje kjem til å få den årlege vaksinen, seier Hallan.

Han fryktar at dei no vil oppleve store tap av sauer på beite som ikkje er vaksinerte.

– Dette vil mest sansynleg få stygge konsekvensar. For vår del ser det ikkje ut til at vi får inn meir vaksine. Vi har prøvd det meste for å få tak i vaksine, men utan hell, seier Hallan.

Opnar for EU-vaksine

Medan sauebøndene ventar i spaning har Legemiddelverket tatt grep for at det ikkje skal vere heilt tomt i apotekhyllene.

– Det er ikkje tomt no, og det er fordi vi har opna for å ta inn alternative vaksinar som er godkjende i EU, seier Knud Torjesen som er veterinær og seniorrådgjevar i Legemiddelverket.

For to av vaksinane mot pulpanyre; Ovivac og Tribowax har det vore nærast heilt tomt i lengre tid. Men no har ein byrja å få inn tilsvarande vaksinar frå EU.

Tilgangen på desse vil variere frå apotek til apotek, opplyser apotekkjeda Vitusapotek til NRK.