Hopp til innhold

Satsar tosifra tal millionar på ferieparadis

Cecilie og Rolf Utne vart nabo til det tidlegare Vårdal Teglverk i 1999. Dei tenkte at det flotte området ved Dalsfjorden måtte kunne brukast til noko. No har dei snart realisert desse tankane.

Vårdal i Askvoll

IDYLLISK: Slik ser det ut frå sandstranda som blir ein del av Fjordlagunen.

Foto: privat

Ekteparet står saman med investor Arne Lillejord bak etableringa av Fjordlagunen Ferie- og Fritidssenter i Vårdal i Askvoll. Der er det no eit hyttefelt med 21 tomter, ni av dei er selde.

Den 1. juni i år skal ein campingplass med plass til 58 vogner stå klar, saman med Vårdalsneset Marina. I 2015 skal 16 utleigehytter etter planen stå klar.

Cecilie og Rolf Utne

REALISERER DRAUMEN SIN: Cecilie og Rolf Utne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fantastisk naturområde

Cecilie og Rolf har kan skrive under på at det som no snart står klart på den tidlegare teglsteintomta ikkje har gjort seg sjølv. Dei har lagt ned eit møysommeleg stein på stein-arbeid sidan ideen vart sådd for snart 14 år sidan.

– Vi bygde hus i Vårdalsneset i 1999, på nabotomta til det tidlegare Vårdal Teglverk. Vi sat og såg på det overgrodde landskapet og tenkte at dette flotte området må kunne brukast til noko.

– For Vårdalsneset ligg i eit fantastisk naturområde i Dalsfjorden med panoramautsikt over fjorden og fjella i bakgrunnen.

På området er det og ein saltvassinnsjø der folk kan bade og drive med vassaktivitetar, og det er ei 400 meter lang sandstrand.

Vårdalsneset i Askvoll

SLIK VAR DET: Området var overgrodd før Cecilie og Rolf Utne tok til med arbeidet sitt. På andre sida av fjorden ser vi Straumsnes i Fjaler.

Foto: privat

Enormt med arbeid bak

Etter kvart kom ekteparet til at dei ville prøve å byggje ein hytte- og campingplass. Men det har teke tid og mykje - enormt mykje arbeid. Først måtte området omregulerast. Det var klart i 2008.

Då starta tungarbeidet. Dei måtte rydde skog og fjerne restane av teglverket. Så pussa dei opp det gamle bakeriet ved djupvasskaia og bygde det om til Verket Pub. Denne puben har vore i drift nokre år, mellom anna har det vore arrangert marknader med mykje folk til stades.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tidl. bakeri på Vårdal teglverk

DET GAMLE BAKERIET: Slik så det ut før det tidlegare bakeriet vart bygt om til pub.

Foto: privat

Både Cecilie og Rolf har arbeidd i Nordsjøen, Rolf gjer det framleis, medan Cecilie no driv sin eigen helsesalong i Askvoll. Ved sidan av desse jobbane har dei arbeidd med å realisere draumen sin.

– Vi har vore opptekne av at vi ville skape noko for ungane våre, for dei trivst veldig godt her, seier Cecilie.

Ho har ikkje oversyn over kor mykje Fjordlagunen kjem til å koste når alt er ferdig, men det handlar iallfall om eit tosifra tal millionar kroner.

– Berre eigeninnsatsen vår kjem på fleire millionar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fjordlagunen i Vårdal - prospekt

SLIK SKAL DET BLI: Fjordlagunen, slik det er planlagt.

Foto: Nordwest3D

Dalsfjordbrua blir viktig

No handlar det om å få nok folk til å kjøpe hyttetomter, campingvognplassar og båtplassar. Dei har m.a. brukt sosiale medium i dette arbeidet, og Cecilie fortel at dei har fått god respons.

Og det som skjer i desember i år vil gjere Fjordlagunen lettare tilgjengeleg.

– Då opnar Dalsfjordbrua, og det vil gjere det endå enklare for tilreisande å nå oss.

Cecilie er sjølv frå Stongfjorden, medan Rolf kjem frå Tysnes i Hordaland. Men dei har oppdaga at sjølv om Cecilie har opphavet sitt i Askvoll kommune, så er det slekta til Rolf som har den mest direkte tilknytinga til Vårdal og Helle.

– Vi har funne ut at bestefaren til Rolf, Erling Utne, teikna både Vårdal Teglverk, Trollefos Uldvarefabrikk og S & S Helle Knivfabrikk . Dermed kan vi snakke om at ein ring er slutta. Vi har faktisk originalteikningane til knivfabrikken.

Mange aktivitetar

I planane for Fjordlagunen er det lagt opp til at dei som byggjer hytte eller leiger campingvognplass skal få ei rekkje tilbod om aktivitetar. Det handlar om båtliv, fotturar, jakt og fiske, kajakkpadling, sykling, minigolf, tennis og øyhopping. Og ekteparet Utne vil byggje på lokale tradisjonar og ikkje minst historia til Vårdal Teglverk.

På området kjem det og ein heilårsdriven kafé i eit gamalt hus som dei har fått flytta frå Askvoll sentrum.

Utsyn frå Verket pub i Vårdal

MARKNADER: På området ved Verket Pub har det m.a. vore arrangert marknader.

Foto: privat