– Det er dobbelt så mange klatreruter i fylket no som det var i 2011, så det har vore ei enorm utvikling, seier Ole Karsten Birkeland.
Saman med Tobias Brodahl og Robert Tellvik har han skrive om og teke bilde av 1000 klatreruter i Sogn og Fjordane, informasjon om kor dei er og korleis ein kjem seg dit. Den førre utgåva av «Klatrefører for Sogn og Fjordane» kom i 2011, og vart trykt opp i 2000 eksemplar. Alt er utseld, og då fann forfattarane ut at ei ny og oppdatert utgåve måtte lagast.
– Det er nye bilde, nytt design og sjølvsagt nye ruter, seier Birkeland.
2000 EKSEMPLAR: Tobias Brodahl (t.v.) og Ole Karsten Birkeland inspiserer to av dei 2000 eksemplara av den nye klatreboka.
Foto: Sondre Dalaker / NRKHåpar å nå ut internasjonalt
Også den nye utgåva blir trykt opp i 2000 eksemplar. Nytt til denne utgåva er at boka også blir tilgjengeleg som ein mobilapp. Der kan folk kjøpa heile boka eller enkeltkapittel. Med det håpar forfattarane å nå ut til langt fleire enn dei lokale, då dei skrive på både norsk og engelsk.
– Før i tida måtte folk vite om frå før av at det var klatring i Noreg og Sogn og Fjordane. Så måtte dei få tak i førarboka, som ikkje er så lett om du ikkje kan norsk.
– Nå kan du gå inn på appen, som også er på engelsk, å sjå at her er det klatring, lesa om klatringa og finna ut om det passar deg. Då kan dei planlegga på førehand kor dei skal klatra, kor dei skal bu, kva er familievenleg og alt slikt, seier Brodahl, som håpar dette vil føra fleire klatrarar til fjellveggane i Sogn og Fjordane.
– Enten om du er lokal eller tilreisande og skal klatra ei helg på Sandande, så kan du kjøpa berre den delen om den kommunen, supplerer Birkeland.
Interessa aukar
BERRE FIRE HAR KLART DENNE: Berre fire personar i verda har klart denne ruta, som er den vanskelegaste ruta i Kvam. Den er også ein av dei vanskelegaste rutene i Noreg, meiner forfattarane.
Foto: Sondre Dalaker / NRKFleire og fleire byrjar med klatring i Noreg. I 2010 hadde Norges klatreforbund 12583 medlemmer, til 2016 hadde det auka til 20541 medlemmer.
– Spesielt innandørsveggane som poppar opp over alt, gjer at aktiviteten aukar. Og inneveggane gjer at steget til å klatra ute blir kortare, seier Birkeland.
– Me vil spreia klatreglede. Det er etterspurnad etter slike bøker, og det er kjekt å vera med å gi dei som klatrar flotte opplevingar, seier Brodahl.
Måndag kveld er det lansering av den nye klatreboka i Sogndal.