Hopp til innhold

Såpeglatte fjellovergangar – utanlandsk vogntog sklei av vegen

Rv. 13 Vikafjellet var stengt i fleire timar på grunn av eit vogntog som sperra vegen.

Vikafjellet

BLOKKERER: Vogntoget sperrar heile vegen langs rv. 13 Vikafjellet.

Foto: ARNFINN HALRYNJO

– Vi var på veg frå Voss til Vik då vi møtte traileren som blokkerte vegen, fortel Arnfinn Halrynjo.

Ved Ygnisdalen på Vikafjellet sklei eit utanlandsk vogntog av vegen i ettermiddag.

– Det står bom fast, seier Halrynjo.

Han fortel om ein såpeglatt fjellovergang.

– Det er så glatt at det er vanskeleg å gå på beina. Det er ikkje is, men polert snø og ser dermed ikkje så glatt ut. Folk må vere forsiktige, seier han.

Glatt på Vikafjellet

GLATT: – Det er så glatt at det er vanskeleg å gå på beina. Folk må vere forsiktige, seier Arnfinn Halrynjo.

Foto: Arnfinn Halrynjo

Bergingsbilar på veg

Ein personbil har også køyrd i vogntoget. Halrynjo fortel at bilen ikkje hadde sjanse å stoppe, og måtte bruke autovernet til å bremse.

To bilbergarar frå Voss måtte kome til unnsetning for å berge både vogntoget og personbilen.

No blokkerer vogntoget heile vegen, og vegtrafikksentralen veit ikkje kor lenge fjellet vil vere stengt.

– Det er ikkje godt å seie kor lang tid det vil ta før vegen blir opna, seier trafikkoperatør Nina Heggernes.

Klokka 19.15 melder vegtrafikksentralen at fjellovergangen er opna.

Enda i grøfta

Det er ikkje berre Vikafjellet som har utfordrande køyreforhold. I går enda ein trailer i grøfta på rv. 52 Hemsedalsfjellet.

Då fekk 110 Vest meldingar om at det var svært glatt på staden, og oppmoda bilistar om å køyre varsamt.

Bør sjåførar bruke kjetting over fjella no?

– Har du gode dekk og køyrer forsiktig skal det gå greitt. Det er ikkje godt å vite kor gode dekk utanlandske køyretøy har, seier trafikkoperatøren, som understrekar at gjeld det å køyre etter forholda og sko seg godt.

Lastebil på rv.52 Hemsedalsfjellet.

I GRØFTA: Turen over Hemsedalsfjellet torsdag enda i grøfta for sjåføren av dette vogntoget.

Foto: Privat

Med unntak av stadane det blir utført vedlikehaldsarbeid er det per no berre Vikafjellet som er strengt. Her held du deg oppdatert på fjellovergangane.