Sanne-Gundersen ny næringsleiar

Tidlegare distriktsredaktør i NRK, Rolf Sanne-Gundersen,er tilsett som ny dagleg leiar i Sunnfjord Næringsutvikling AS. Han går inn i nærings- og reiselivsapparatet til Førde, Jølster, Naustdal og Gaular etter å ha vore sjølvstendig næringsdrivande. Styreleiar Mathias Råheim skriv i ei pressemelding at dei hadde fleire kvalifiserte søkarar, men at dei er sikre på at Sanne-Gundersen kan løfte selskapet vidare.

Rolf Sanne-Gundersen
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK