Det vart uavgjort og straffekonkurranse då Hødd og Tromsø barka saman i kampen om kven som skulle bli cupmeistrar.
- LES OGSÅ:
Intens kamp
Men etter intense minutt vart det førstedivisjonsklubben frå Ullsteinvik som stakk av med pokalen. Og der spelar Erik Sandal (29) frå Deknepollen i Vågsøy.
Midtbanespelaren fekk også delta i straffekonkurransen i cupfinalen, men bomma mot Tromsø.
4-2 i straffekonkurransen
Like etter bomma Tromsø sin Saliou Ciss og dermed kunne Hødd avgjere.
Andreas Rekdal klarte det ingen turde håpe på førhand, han scora og sendte Hødd til himmels med 4-2 målet i straffekonkurransen.
Dermed er det klart for tidenes fest for dei blåkledde.
Og dette er andre gongen i historia at ein cupfinalen vert avgjort med straffekonkurranse. Sist gong det skjedde var då Aalesund vann over Molde i 2009.
- LES OGSÅ: