Hopp til innhold

Sandal og Steenslid i semifinale

To spelarar frå Vågsøy var viktige brikker då laga deira, Hødd og Molde, gjekk til semifinale i fotballcupen i fotball.

Erik Sandal

KAN JUBLE FOR SEMIFINALE: Erik Sandal og Hødd slo ut Haugesund.

Foto: Stig Høynes

Erik Sandal sette inn eitt av straffesparka som gjorde at Hødd vann over Haugesund etter ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse.

Børre Steenslid gjorde ein solid jobb som midtstoppar då Molde vann 2-1 over Sandefjord. Den tidlegare Skavøypoll- og Sogndal-spelaren har gått skadd sidan Ole Gunnar Solskjær kjøpte han frå Viking.

No har han fått sjansen til å spele frå start fordi Even Hovland er skadd, og mot Sandefjord hadde han og midtstopparkollega Vegard Forren stort sett kontroll på Sandefjord.

Børre Steenslid headar inn 2-0 for Viking.

TILBAKE ETTER SKADE: Børre Steenslid (her i Viking-trøya) er tilbake for fullt.

Foto: Hansen, Alf Ove / SCANPIX