Hopp til innhold

Sakna gut i Loddefjord tok buss til Åsane

7-åringen som har vore sakna i Bergen torsdag føremiddag, er funnen i god behald, opplyser politiet. Guten vart meldt sakna då han ikkje dukka opp på SFO i Olsvikåsen dag tidleg og det har vore ein store leiteaksjon i området rundt Vestkanten kjøpesenter i Loddefjord.

Innsatsleiar i politiet, Christian Meyer, fortel til NRK at eit busselskap tipsa politiet. – Han er blitt funnen på ein buss i Åsane, seier Meyer.

Savna sjuåring i Loddefjord i Bergen, leiteaksjon
Foto: Benjamin Dyrdal / NRK