Hopp til innhold

Så kaldt er det i fylket i dag

Det er 22 minusgrader i Veitastrond måndag morgon. Her kan du sjå kor kaldt det er rundt om i Sogn og Fjordane.

Vakker vinter

SLIK KAN DET SJÅ UT: Kaldt vinterver med Storehesten i Gaular som bakteppe.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det er heile 22 minusgrader i Veitastrond, og det er det kaldaste NRK har fått melding om måndag morgon.

I natt skal temperaturen vore heilt nede i 25 minusgrader inst i Jostedalen.

Ifølgje Vervarslinga på Vestlandet ligg temperaturane i indre strok ned mot minus 20 grader fleire stader i Sogn og Fjordane. I ytre strok kan temperaturane gå heilt ned mot minus åtte.

- Det ser ut for å halde seg kaldt heilt til i morgon. Onsdag blir det ikkje like kaldt, men vi skal framleis vere på minussida. Så denne veka blir det kaldt og fint vintervêr, seier vakthavande meteorolog Steinar Skare.

Dette er eit utval av temperaturar i fylket måndag morgon:

Dale: -11

Årdal: -10

Fjærland: - 12

Skei: -12

Berle: -8

Veitastrond: -22

Botnane: -7

Førde: -12

Sogndal: -9

Sognefjell: -19 grader

Sandane: -6 grader

Florø: -3 grader

Førde - Bringelandsåsen: -8 grader

Sogndal - Haukåsen: -13 grader

Det var også svært kaldt i fylket på fredag . Ifølgje Vervarslinga på Vestlandet kan det dessutan komme litt meir snø nokre stader på onsdag.