Hopp til innhold

Sprengkaldt i heile fylket

I Hornindal og Veitastrond er det -21 grader fredag morgon.

Dette bildet er tatt på veg til Hafstadfjellet ein nydelig vinterdag
Foto: Harald Heimestøl

Fleire stader i fylket er det rundt - 20 grader fredag morgon.

I ettermiddag kjem ein front innover fylket som gjev nedbør i form av snø. Men i følgje vakthavande meteorolog ved vervarslinga på Vestlandet, Rasmus Myklebust, er mildveret forbigåande

– Det er berre to dagar vi skal få litt mildare ver. Då blir det kanskje opp mot null grader på kysten, men i indre strøk kan det halde seg på minus heile tida, seier Myklebust.

Søndag synk temperaturen igjen, og det held seg kaldt så langt prognosene syner, fram til 27. desember.

Temperaturar i fylket fredag morgon:

Lærdal: -14 grader

Hegg i Borgund: -19

Vassenden: -13

Skjolden: -14

Bygstad: -15

Aurland: -11

Breim: -13