Hopp til innhold

Så glad kan ein bli av ein fisk

Måløy havfiskefestival er i full gang, og her får ein garantert dei største adrenalinkicka ifølgje arrangøren. May Lisa Johansen fekk oppleve det då ho drog i land ei lange på om lag tjue kilo.

Måløy havfiskefestival

FISKEGLEDE: May Lisa Johansen er blant dei som trivst som plomma i egget på havfiskefestival, og særleg når ho dreg i land ei lange på rundt tjue kilo.

Foto: Kristin Oldeide

– Det var slitsamt. Vi har ikkje vege ho endå, men vi tippar ho er rundt tjue kilo. Den var på 120 meters djup, så det tok ei stund å få den opp, fortel Johansen etter ei god fiskeøkt.

Ho var blant 120 fiskarar som jakta i dag på flest, og best, fisk i Måløy, der Måløy Havfiskefestival no vert arrangert for andre året på rad. Festivalen har allereie blitt ein av dei største fiskefestivalane i landet.

– Dette er livet

Johansen har vanskeleg for å tru dei som ikkje allereie har teke turen til Måløy.

– Livet er å fiske lange. Og så er det så mykje anna kjekt som skjer her, så eg forstår ikkje dei som ikkje er her, for å seie det slik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Dagleg leiar i havfiskefestivalen, Kjell Oldeide, kan godt forstå at Johansen jubla høgt då ho drog i land den svære fisken.

– Dette er livet. Det å få sånn fisk på kroken det gir dei største adrenalinkick naturen kan gi deg og ingen kunstige stimuli kan nå opp i mot noko slikt.

Mykje meir enn fisking

Ifølgje Oldeide har festivalen fått besøk av folk frå 17 havfiskeklubbar frå heile landet, men det er ikkje berre fisking som står på menyen.

– Her er eit yrande folkeliv på torget der det er torgsal, vi har eit MOT-arrangement for ungdom, det er mykje strålande underhaldning i festivalteltet, vi skal ha rib-turar for ungdom som skal få riste seg skikkeleg. I morgon har vi også den store Sagacupen for turistfiskarar som kan stille med eigne båtar, men vi har også leigd inn gamle Kvalstein som er ei fantastisk skute, der folk kan tinge plass, fortel han.