Hopp til innhold

Har fått kontroll over brann i terreng

Det var full utrykking til ein brann i ei skråning like bak hotellet i Loen i ettermiddag. Brannvesenet melder no om at dei har kontroll.

Brann i Loen

SLØKTE BRANNEN: Brannmannskap frå fleire stader i Stryn fekk raskt kontroll over brannen i skråninga.

Foto: Arne Vik

– Brannvesenet er framme og brannen er sløkt. Dei driv no med dynking av bakken så det ikkje skal blusse opp att, opplyser Alarmsentralen til NRK.no

Alt tilgjengeleg brannmannskap frå Stryn, Olden og Innvik blei sendt til Heggelia då brannmeldinga kom. Det hadde teke fyr i gras og tre i ei stor skråning. Det er fleire hus i nærleiken og målet var å hindre brannen i å spreie seg.

– Vi håper vinden er slik at den ikkje går mot husa, sa vaktleiar Dagny Røyrvik då meldinga om brannen kom.

Klokka 16:45 melder Alarmsentralen at brannen er sløkt og at brannen ikkje har spreidd seg til andre område. Det er førebels ikkje kjent kva årsaka til brannen er.

Brann i Loen
Foto: Arne Vik / NRK
Loen