Hopp til innhold

Blei meldt om røykutvikling - var hærværk og pulverapparat

Brannvesenet rykka ut då dei fekk melding om røykutvikling i eit garasjeanlegg. Det var i ein kjellar på eit større kommunalt bygg i Borggata i Leirvik på Stord. Det viste seg å truleg vere hærverk og røyken frå eit tømt pulverapparat. Altså ingen brann, opplyser Nils Simmerøy, vaktleiar i 110-sentralen Sør Vest, til NRK.