Hopp til innhold

Rullande magetrøbbel fekk fylgjer

Magesjuk sjåfør overlot rattet til førarkortlaus passasjer.

Politi

Illustrasjonsfoto

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

Ein austlending i 60-åra blir nok ein svært gamal mann før han kan køyre bil att på lovleg vis.

Magesjau

I går ettermiddag gjekk det i dass att for mannen, som fekk kverrsett førarkortet sitt for 20-30 år sidan.

- Føraren hadde ikkje førarkort. Han hadde overteke rattet fordi sjåføren fekk magesjau. Denne forklaringa held sjølvsagt ikkje og vi melde mannen, fortel lensmann Knut Skurtveit i Jølster.

Dei to karane måtte såleis byte plass att før dei kunne køyre vidare - sannsynlegvis etter eit toalettbesøk.