VARMGANG:
Det viste seg å ikkje vera brann i kraftstasjonen på Voss. Det var varmgang i eit lager på transformator som var årsaka til den kraftige røykutviklinga.
Det viste seg å ikkje vera brann i kraftstasjonen på Voss. Det var varmgang i eit lager på transformator som var årsaka til den kraftige røykutviklinga.
Brannmannskapa er i gang med innsats ved kraftstasjonen som brenn i Vinjadalen. Ole Jakob Hartvigsen ved 110-sentralen fortel at det kjem tjukk, svart røyk ut av stasjonen, som framleis skal vera i drift.
Voss brannvesen er framme i Vinjadalen etter å ha rykka ut på melding om husbrann. Det viser seg å vera brann i ein generator på ein kraftstasjon. Også politiet er på staden.
Brannvesenet på Voss er på veg til Vinjadalen, etter meldingar om mogleg husbrann. Vinjadalen ligg mellom Vinje og Oppheimsvatnet. – Meldar ser røyk og høyrer brannalarm frå eit hus, fortel vaktkommandør ved 110-sentralen.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.