Dronning Sonja opna saman med Magne Furuholmen i dag si nye grafikkutstilling i Grieghallen i Bergen.
I samband med utstillingsopninga, kommenterte dronninga også skilsmissa mellom prinsesse Märtha Louise og Ari Behn.
– Det er sjølvsagt veldig trist, det er det i ein kvar familie, seier dronning Sonja.
- Les også:
– Kongen og eg skal støtta familien
Det var ei tydelig prega dronning som snakka om skilsmissa. Ho seier ho og kong Harald no vil vera ei støtte for dottera si familie.
– Kongen og eg går inn for å støtta familien så godt me kan, og vil gjera det i framtida også, seier dronning Sonja.
Dronninga og Magne Furuholmen sine bilete er til sals. Inntektene skal finansiere nye kunstnarstipend.
Foto: Asle Hella / NRKStarta kunstsamarbeidet i New York
Samarbeidet mellom dronninga og Magne Furuholmen byrja i New York. Dronninga skryt av at Furuholmen har lagt til rette for at samarbeidet skulle fungera best mogleg.
– Vi har hatt det moro saman i eit halvanna år med denne prosessen, seier dronninga, og Furuholmen nikkar samtykkande.
– Me kan avfeia at me er to prominente personar som lager kunst. Når me har gått saman i verkstaden har me vore to kunstnarar som har parkert alt det ved døra. Det har vore til gode for oss begge, seier Furuholmen.
– Samarbeidet har vore veldig utfordrande for oss begge to. Det har vore morosamt og gitt veldig mykje glede, seier Furuholmen.
Bileta er til sals, og inntektene går til kunststiftinga Queen Sonja Print Award.
Utstillinga er å sjå i Grieghallen frå 27. august til 3. september. Laurdag vil dronninga formelt opna utstillinga klokka 12.00.
Etter Bergen skal vandreutstillinga «Texture» vidare til Trondheim, London, Ålesund, Bodø og Steinberg i Buskerud.
– SPENNANDE: Kunstprofessor ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt, meiner kunstverka er vel verdt ei utstilling.
Foto: ASLE HELLA / NRKDelte ut kunstnarstipend
– Dette er to sjølvstendige kunstnarar som har fått til eit samarbeid. Det synest eg er spennande, seier kunstprofessor ved Universitetet i Bergen, Gunnar Danbolt.
– Dronninga har hatt ei rivende utvikling som kunstnar fordi ho har våga å gå inn i eit slikt samarbeid. Resultatet er vel verdt ei utstilling, men så får me jo høyra kva kritikarane seier, seier Danbolt.
Den amerikanske konseptkunstnaren Tauba Auerbach fekk i ettermiddag dronning Sonja sin grafikkpris. Prisen går for første gong til ein internasjonal kunstnar. Auerbach får eit stipend på 400.000 kroner.
Stiftinga som deler ut stipendet, Queen Sonja Print Award, fyller i år fem år.