Hopp til innhold

Rørt av støtta frå det norske folk

– Støtta som heile Noreg har vist dei siste dagane har betydd utruleg mykje, seier AUF-medlem Torbjørn Vereide som var på Utøya under massakren fredag.

Video Torbjørn Vereide er komme heim til Sandane

SJÅ TV-SAKA: Torbjørn Vereide har kome heim etter den forferdelege opplevinga på Utøya.

Fakkeltog i Førde

VISER OMTANKE: Folk over heile landet har gått i fakkeltog og lagt ned blomar og tent lys.

Foto: Ole Andre Rekkedal/NRK

– Det er vanskeleg å formidle kor mykje dette betyr, både for meg og alle dei som er pårørande. Eg har prata med mange foreldre som har mista borna sine. Det betyr ekstremt mykje at folk viser støtte, fortel han.

Over heile landet har hundretusenvis av menneske gått i fakkel- og rosetog for å syne si motstand mot terroråtaka.

Terrorangrepa på Utøya og i Oslo har teke livet av 76 personar, 68 under massakren på ungdomsleiren og åtte i bombeangrepet i regjeringskvartalet.

HØYR INTERVJUET MED TORBJØRN VEREIDE:

Framleis i sjokk fortalde Vereide om opplevinga si då han møtte journalistar utanfor Sundvollen hotell dagen etter terrorangrepa. Den dramatiske skildringa gjekk verda over. Han berga seg frå kuleregnet då han gøymde seg i ei hole på øya. Han såg 20–30 personar bli regelrett henretta av gjerningsmannen.

Drøymer forferdelege ting

No er han tilbake på Sandane – og prøver å finne tilbake til kvardagen.

– Eg er framleis skvetten og drøymer forferdelege ting om natta, fortel han.

Dei første dagane hadde han ingen kjensle av tryggleik og turde ikkje gå utanfor hotelldørene.

– Eg var sikkert på at nokon ville skyte oss eller sprengje ei bombe. Eg har eg klart å leggje nok av dette bak meg, så no tør eg gå ut og leve litt meir normalt.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video - Han skaut utruleg mange

SJÅ VIDEO: – Han skaut utruleg mange, fortalde Torbjørn Vereide dagen etter tragedien på Utøya.

Redde foreldre

Då gjerningsmannen skaut vilt rundt seg på Utøya fredag kveld, sat det mange foreldre, søsken og familiar i heile landet og prøvde å oppdatere seg – redde for sine ungdomar som var på øya.

Foreldra Sigmund Vereide og Elin Hesjevik fekk telefon frå Thorbjørn Vereide om skytedramaet.

– Det er vanskeleg å skjøne kva som har skjedd, seier foreldra om dei siste dagane.

– Vanskeleg å ta innover seg

Dei seier dei siste dagane har vore heilt uverkelege.

– Då han ringde og fortalde om skytinga, trudde eg ikkje det var sant. Det var ikkje til å tru. Men han gret og eg forstod at det var alvor. Det var ufatteleg det som skjedde. Då eg såg nyheitene på TV, var det vanskeleg å ta innover seg. Det virka uendeleg lenge den tida dei var på øya før dei fekk hjelp, seier mora.

– Vi er så glade for å få sonen heim, samstundes som har vi site i lag på Sundvollen med dei som ikkje får borna heim. Vi har følt med dei og høyrt deira historier, fortel faren.

Fire av dei fem AUF-ungdommane frå Sogn og Fjordane berga seg frå terrorangrepet på Utøya. Hanne Kristine Fridtun (20 år) frå Stryn er framleis sakna.