Hopp til innhold

Risikerer bøter kvar dag

Alexela Sløvåg må betale 25.000 kroner kvar dag viss dei ikkje blir kvitt avfallet.

Ryddearbeid ved Vest Tank
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Statens forureiningstilsyn varslar tvangsmulkt på 25.000 kroner dagleg til Alexela Sløvåg i Gulen, dersom verksemda ikkje pakkar inn avfallet forsvarleg.

Les også: Gassen gjekk langt

Les også: Ny uvisse for Vest Tank-avfallet

Les også: Sender avfallet til Danmark

Slam renn ut

- Ein inspeksjon synte at fleire sekkar med slam har leke ut på området, noko som kan føre til forureining. Det fortel rådgjevar i SFT, Grethe Braastad.

Administrerande direktør Håkon Ivarson i Alexela Sløvåg seier at sekkane ikkje er deira, men at verksemda i samarbeid med eigarane gjer alt dei kan for å få fjerna avfallet.