Hopp til innhold

Skulda for politisk sommel

Statnett fryktar at avgjerda om den omstridde kraftlinja gjennom Hardanger skal bli utsett til over sommarferien.

Terje Riis-Johansen
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Det kan i så fall forlenge og forsterke den allereie eksisterande kraftkrisa i Bergensområdet.

Tor Inge Akselsen

Statnett har venta i to år på ei avklaring om kraftlinja gjennom Hardanger.

Foto: Statnett

Tor Inge Akselsen i Statnett, seier dei ikkje har gitt opp håpet om å starte drifta av kraftlinja i 2012, men vedgår at tida er i ferd med å renne ut.

– Det er klart at for kvar dag som går, så vert det meir om meir urealistisk.

Uavklart

Det er fortsatt ikkje bestemt om kraftlinja skal gå i luft eller kabel gjennom Hardangernaturen. Statnett har venta i to år på eit svar. No fryktar dei at ventetida vert forlenga. I juli tek Regjeringa ferie, og så langt står ikkje avgjerda om Hardangerlinja på vår-agendaen.

Vil få følgjer

Statnett og NVE ønskjer å bygge 45 meter høge master gjennom Hardanger. Dersom avgjerda vert utsett til hausten, vil det få følgjer for utbygginga, forklarer Akselsen.

– Anlegg og bygging av kraftleidningar er eit arbeid som er eigna på våren, gjennom sommaren og utover hausten.

Fleire kjelder NRK har vore i kontakt med, seier det er heilt opent om regjeringa kjem med ei avgjerd før eller etter sommarferien.

Til Bergen i dag

Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen kjem til Bergen i kveld for å delta på eit folkemøte om den såkalla «monsterlinja». Det har vore stor motstand lokalt mot å legge kraftlinja i luftspenn, og no håpar lokalbefolkninga at han skal gå inn for sjøkabel.

Demonstrasjon mot kraftlinje i Hardanger

I Hardanger er motstanden mot å leggje kraftlinjene i luftspenn stor.

Foto: NRK

Men sjøkabel er eit dyrt alternativ, og statsråden veit det hastar med ei avgjerd.

– Det har vore godt over 1000 timar der det har vore ein stor sjanse for at delar av Bergen kunne bli heilt mørklagt. Det kan me ikkje leva med, seier han.