Alt såg ut til å ordne seg for familien Belik frå Moldova som har budd i Aurland dei siste par åra. Mora hadde fått jobb og forsørgde døtrene sine sjølv, og jentene levde eit normalt liv med skule og fritidsaktivitetar.
Dei tre kom til Noreg som asylsøkjarar fordi dei var redde for at jentene skulle bli kidnappa og selde til sex-industrien.
Me har ikkje gitt opp
For nokre månader sidan fekk dei endeleg avslag på søknaden om opphaldsløyve. Advokaten deira, Sjur Vinje, meinte UDI hadde gjort grove feil i sakshandsaminga, og dei retta søksmål mot staten. UDI har avvist desse påstandane. (Sjå UDI avviser påstandar om feil)
Mora tok avslaget svært tungt og har vore innlagt på sjukehuset dei siste månadene. Tenåringsjentene Tanja og Olga Belik vert no passa på av Gjertrud Håland i Flåm.
- Me har ikkje gitt opp. Me skal klara det vidare.