Bokbutikkane har det spesielt travelt no før jul, for bøker er populære julegåver. Og salstala i november og desember frå bokbutikkar i både Sogn, Sunnfjord og Nordfjord er eintydige. I år står bøker av forfattarar og forlag frå Sogn og Fjordane høgt på ynskjelista.
Lokale forfattarar
Ein finn sjølvsagt lokale variasjonar, som årbøker og sogehefte, og ved Skjeldestad Libris i Sogndal er det ikkje overraskande Sylfest Lomheim si bok "Ordomord" som ligg øvst på salslista.
Andre stader finn me bøker av Olaug Nilssen, Rolf Losnegård, Inger Thorun Hjelmervik, Per Sivle og Rasmus Sunde. Desse bøkene konkurrerer faktisk med bestseljarane Pondus og Da Vinci-koden.
Selja forlag har to bestseljarar.
To favorittar
Men det er særleg to bøker som sel godt ved nesten alle bokbutikkane i fylket: "Tida flyg" med flyfoto frå 1950-talet og "Sildeeventyret", som kjem ut på Selja forlag. Forleggjar Torkjell Djupedal er sjølvsagt godt nøgd med salstala. Men det er enno halvanna veke til jul, og Djupedal reknar med at tala berre vil bli betre.
Aukar stadig
Bokhandlar Trond Økland seier det er ein trend å kjøpe lokale bøker, utviklinga har peika mot aukande sal i fleire år. Dessutan trur han det store lokale utvalet i år gjer det enkelt å finne noko anten til seg sjølv, eller til å legge under juletreet.