Hopp til innhold

Rekordmange innmeldingar i Mållaget

Aldri før har Noregs Mållag fått så mange nye medlemmar i løpet av ei veke.

Nynorsk
Foto: Flickr

Tidlegare denne veka vart det kjent at Utdanningsdirektoratet vurderer å kutte eksamen og eigen karakter i sidemålet. Mange har oppfatta dette som eit klart angrep på nynorsken og debatten har rasa.

Også Noregs Mållag har fått merke engasjementet. Dei har opplevd ei enorm støtte etter at forslaget om å svekkje sidemålsordninga i ungdomsskulen og den vidaregåande skulen vart kjent.

Berre den siste veka har dei fått over 400 nye medlemmer, noko dei aldri før har opplevd.

– Det er veldig stas å få så mykje støtte frå så mange hald i denne saka. At over 400 har meldt seg inn i Mållaget, syner at mange meiner eit sterkt Noregs Mållag er viktig, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Han seier Noregs Mållag er budde på å måtte jobbe hardt framover.

– Vi har ein jobb å gjere framover med å sikre ei god og slitesterk sidemålsordning, og eit norskfag lærarane er nøgde med. Til det treng vi både eit sterkt Noregs Mållag og at alle gode krefter arbeider saman, seier Øvregård.