Natt til andre juledag kom julesnøen til store deler av Hordaland. Medan enkelte kanskje kunne klart seg utan, er det mange som har nytta høvet til å få spenne ski på beina.
– I dag har me hatt rundt 2000 besøkande, og det er rekord for sesongen, seier dagleg leiar for Eikedalen skisenter, Fredrik Tønjum.
Seks av åtte heisar på skisenteret er no opne, også Fjellheisen som vanlegvis er stengt i jula.
– Det har aldri vore så mykje folk her i jula før. I dag var alle parkeringsplassane fulle og me måtte brøyte opp ny plass. Det har heller aldri skjedd før på denne tida, seier Tjønnum.
VÊRVARSEL: Sjå vêrvarselet for skianlegga
Ny sjanse for å teste løypene søndag
Også på Røldal skisenter har det vore full rulle på anlegget.
– Me har om lag 2 – 2,5 meter snø og det øvste laget er 20–30 cm med pudder. Det har vore ein skikkeleg draumedag her, fortel dagleg leiar Oddvar Bratteteig.
Han ventar om lag like høge besøkstal i år, som tidlegare.
– Det har vore bra med folk her i dag. I morgon er det meldt noko nedbør på dagen, men ikkje mykje, så eg trur det blir fleire fine dagar i jula.
På Voss har dagleg leiar i Voss fjellheisar, Anna Bryn, brukt dagen i løypene.
– Det var nydeleg i dag, heilt himmelsk og mykje glade folk i løypene. Me har hatt gode besøkstal heile jula på grunn av mykje snø og gode forhold. Det er ikkje meldt like strålande vêr i morgon som i dag, men set ser ut som det blir nokre fine dagar til, seier ho.