Hopp til innhold

Rekordår for Flåmsbana

Flåmsbana hadde i fjor eit resultat etter skatt på 60 millionar kroner. Totalt 926 000 personar reiste med bana i fjor, skriv Sogn Avis. – Vi opplever auka trafikk på Flåmsbana året rundt, og no snakkar vi ikkje lenger om toppsesong og skuldersesong, No er det sommarsesong frå 1. april til 31. oktober, seier dagleg leiar Sivert Bakk til avisa. Han seier at årsresultatet syner ei god utvikling både på pris og volum dei siste åra.

Turistar tek bilete frå Flåmsbana
Foto: Sverre Hjornevik