Hopp til innhold

Juni vart rekordmånad

Juni vart ein rekordmånad for Hotel Alexandra i Loen. Det er dei norske gjestane som sørgjer for det.

 Hotel Alexandra i Loen

REKORD: Norske gjestar sørgjer for at det går godt for Hotel Alexandra.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Med eit stort fleirtal av norske gjestar vart det ein rekordmånad i juni for Hotel Alexandra.

Hotellsjef Richard Grov er strålande nøgd med resultata, og fortel at så langt ligg juli på nivå med i fjor. Det skriv Fjordingen.

Richard Grov

SVÆRT NØGD: Sjølvom dei spanske gjestane sviktar går det godt for Hotel Alexandra og hotellsjef Richard Grov.

80 prosent av gjestane er norske. Hotellet har hatt nesten ei halvering av gjestar frå Spania.

– Vi har satsa bevisst på ein marknad som vi har trua på. Sør-Europa har svikta, men vi har hatt ei auke i gjestar frå USA, Brasil og Østen, seier hotellsjefen til avisa.

Dei fleste gjestane er drop-in-gjestar, og det er som oftast nordmenn.

– Det verkar som det er mange som ikkje har planlagt ferien sin endå. Vi sel mykje frå dag til dag, seier Grov.