Hopp til innhold

Reknefeil utset Holentunnelen

Trafikken må også i sommar gå utanom Holentunnelen. Ein reknefeil får skulda.

Olden - Innvik

KØ, KØ, KØ: Slik er det ofte på strekninga Olden-Innvik. Arbeidet med å ruste opp vegen er godt i gong, men det manglar framleis ein del.

Foto: Magnar Myklebust

- Arbeidet er forseinka på grunn av ein reknefeil frå ein konsulent som arbeidde med konkurransegrunnlaget, seier Margot Asebø i Statens vegvesen.

Skulle vore klar i juli

Det er ein feil i armeringa av portalane, ikkje i sjølve tunnelen.

Holentunnelen skulle vore klar 1.juli, men vert no ikkje opna før til hausten, skriv Fjordingen.

- Vi har ikkje gjort endeleg avtale om ferdigstilling av tunnelen, seier Åsebø.

(saka held fram undet biletet)

Olden-Innvik

TRONGT: Det er trongt om plassen fleire stader mellom Olden og Innvik.

Foto: Torbjørn Fardal / NRK

Tek det etter ferien

Feilrekninga vart ikkje fanga opp før armeringa til portalane var på plass, og dermed vert arbeidet utsett.

På grunn av ferieavvikling vert ikkje arbeidet teke opp att før etter ferien.

Strekninga Olden - Innvik er av fleire karakterisert som den dårlegaste vegstrekninga i landet, og tunnelen er etterlengta.

Den 280 meter lange tunnelen er ein av to nye tunnelar på strekninga som skal sikre betre tryggleik og flyt i trafikken.

Sjokkert

- Eg fattar ikkje at det er mogleg, seier dagleg leiar Rolf Olav Tenden i bedrifta Thor Tenden Transport til NRK Sogn og Fjordane.

Han seier dei snakkar mykje om dei dårlege vegane, og at dei har sett fram til at tunnelen skulle bli ferdig.

- Det er kork på heile vegen, så denne tunnelen vil ikkje fjerne alle trafikkproblema. Men det ville ha vore til stor hjelp. No får vi berre vente til dei klarar å bli ferdige, seier Tenden.

Svært kritiske til tidsbruken

Transportnæringa har i lengre tid vore kritiske til vegstandaren på vegane våre. Og Tenden seier det ikkje berre gjeld her i fylket.

- No høyrde vi nettopp om dårleg underlag og telehiv på E18. Det er svært overraskande at det skjer så mange tabbar medan ein byggjer vegar, seier han.

(saka held fram undet biletet)

Rolf Tenden i Tenden Transport

SJOKKERT: Rolf Tenden Transport er sjokkert over at ein reknefeil fører til at arbeodet på Holentunnelen vert utsett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Får auka utgifter

Han seier også at dei opplever ei auke i utgiftene på grunn av det dårlege dekket.

- Vi har vel omlag 20 prosent auke i slike utgifter som vi kan relatere til dårleg vegstandard. Det er snakk om øydelagde støtdemparar, foring og mykje anna på grunn av slagholene i vegane.