Dette går fram av dei førebelse rekneskapstala frå arrangementet i Måløy samanlikna med informasjon vi har fått frå Tall Ships Races i Bergen. Dei to arrangementa gjekk rett etter kvarandre i august i år.
Førebelse og meir detaljerte rekneskapstal for seglskutefesten i Vågsøy avslører meir av ein pengebruk som må på mange måtar er historisk i kommunal samanheng her i fylket.
Seminar med danskebåten
Reisinga inkluderer mellom anna utanlandsreiser til Polen og Nederland, og samtlege komiteleiarar har vore på seminartur med danskebåten.
Dei siste fire åra har leiinga for arrangementskomiteen inkludert komiteleiarar, formannskapet og andre kommunetoppar reist og ete for 1,8 millionar kroner.
Brukte 600.000 på middag
Også når det gjeld den store Capteins Dinner-middagen er det store skilnader. Medan Måløy brukte 600.000 kroner på den overdådige tre retters festmiddagen med åtte innleigde kokkar, brukte Bergen om lag 260.000 kroner. NRK er kjend med at dei åtte innleigde kokkane åleine kosta Vågsøy kommune 150.000 kroner.
13 mill. i minus
Tall Ships Rasec i Bergen hadde samla kostnader på om lag 12 millionar kroner og fekk eit overskot på ein million kroner. Dei samla kostnadene i Måløy kom på 31 millionar kroner og underskotet var på 13 millionar.