Hopp til innhold

Elveeigar «flykta» frå eiga lakseelv

- Det er ganske absurd, seier elveeigar Anders Fretheim. I helga flykta aurlendingen til Wales for å fiske laks og sjøaure.

ANDERS FRETHEIM

Anders

Foto: Paul S. Amundsen / Paul S. Amundsen

- Er du hekta på fisk, så er du hekta på fisk, seier elveeigar Anders Fretheim til bt.no.

Stengde Flåmselvi

Fretheim er medeigar i Flåmselvi, men elva har Fylkesmannen stengd for all fiske fram til 2014. Søndag pakka dermed Fretheim fiskestonga og reiste til Wales.

- På 1850-talet starta forferdrane mine med utleige av sportsfiske til britiske lordar. Det var starten på turismen i Flåm. 160 år seinare må eg altså reise den andre vegen for å kunne bruke flugestonga - på grunn av vannstyret som har vore her til lands, seier han til avisa og meiner det heile er absurd.

Kritisk til oppdrettsnæringa

Aurlendingen er kritisk til framveksten av oppdrettsnæringa i fjordane. Ifølgje Bergens Tidende kan mengda av oppdrettslaks bli meir enn dobla, til nær 70 000 tonn i Sognefjorden dersom alle konsesjonssøknadar går gjennom.

- No har dei øydelagt Hardangerfjorden. Det hjelp ikkje å flytte driten til Sognefjorden. Oppdrettsnæringa greier rett og slett ikkje å handtere lakselusa, seier han til avisa og viser til at det i Flåmselvi har det hjelpt bestanden lite å stengje elva for fiske.