Hopp til innhold

Reiselivssjef ut mot kunstmuseum

– Feriefolk er eit ypperleg publikum for Sogn og Fjordane Kunstmuseum, seier Tom Farsund i Reisemål Sunnfjord.

Astruptunet

Besøkstalet til Astruptunet er lågare enn på mange år.

Foto: NRK

Han synest det er utruleg at direktøren for kunstmuseet ikkje definerer seg sjølv som ei reiselivsbedrift.

– Det er vel ikkje nokon løyndom at vi har hatt ein diskusjon med kunstmuseet om at dei kanskje bør satse meir saman med reiselivet, fortel Farsund.

LES ÓG: – SFJ Kunstmuseum må ta skulda

– Ikkje reiselivsbedrift

Dei siste dagane har det kome fram at besøkstala på musea i fylket har gått ned med 18% dei to siste åra.

På same tid har besøkstala i resten av landet gått opp.

Direktør Morten Johan Svendsen i Sogn og Fjordane Kunstmuseum uttalte i går 14. juli at han ikkje ville definere museet som ei reiselivsbedrift.

– Eg kan ikkje svare på kvifor bussane ikkje kjem til Astruptunet, vi er ikkje ei reiselivsbedrift, sa direktøren.

Feilslått strategi

Farsund meiner dette er ein heilt feilslått strategi.

– Kven er turistane? Det er først og fremst den jamne nordmann og -kvinne som har fri, og gjerne vil oppleve litt kunst. Det blir då håplaust for eit kunstmuseum å definere seg ut av rolla som ei reiselivsbedrift, konstaterer reiselivssjefen.

Han meiner museet kunne tent mykje på å samarbeide med reiselivsnæringa, og kjem no med ei klar oppfordring til Svendsen.

Organisert reiseliv

– Eg vil råde deg til å starte med å definere museet som ei reiselivsbedrift, og ta kontakt med det organiserte reiselivet, seier han, utan å hevde at han sit inne med svaret på kva som skal til for å få opp beøkstala.

– Men det vil vere lurt å byrje å innsjå at nordmenn som har ferie er eit godt kunst-publikum.