Regnbogeauren blir rekna som mulig spreiar av lakseparasitten gyrodactylus salaris.
- Difor er Fylkesmannen svært restriktiv med utsetjingsløyve, seier seksjonsleiar Gøsta Hagenlund.
Men ikkje alle bryr seg om løyve, og slik informasjon er også kome til Fylkesmannen. Hagenlund ser faren for smitta regnbogeaure størst frå dei kommersielle klekkeria.
Han seier dei enno ikkje har sikre bevis. Men dersom dei får det, blir det ei sak for politiet.