Hopp til innhold

Regjeringa skrotar omstridd gåveordning

Regjeringa forkastar gåveforsterkingsordninga til kunst- og kulturformål. – Trist, seier Fritt Ord-direktør, som var fødselshjelpar til ordninga.

Grieghallen i Bergen

IKKJE MEIR: Støre-regjeringa skrotar gåveforsterkingsordninga til kunst- og kulturformål frå nyttår. Uheldig, meiner leiar i Festspillene.

Foto: NRK

Gåveforsterkingsordninga gjer at private pengegåver forsterkast med eit statleg tilskot på inntil 25 prosent av gåvebeløpet.

Om nokon for eksempel legg ein million kroner på bordet, vil staten «spytte inn» ytterlegare 250.000 kroner.

Ordninga vart oppretta av dåverande kulturminister Thorhild Widvey (H) i 2014.

Intensjonen har vore å gi kunst- og kulturinstitusjonar eit insentiv og eit puff til å sjølv skaffe privat finansiering.

Men frå nyttår er det slutt. Då skrotar Støre-regjeringa ordninga.

Thorhild Widvey og Knut Olav Åmås

DELAKTIG: Direktør i stiftinga Fritt Ord, Knut Olav Åmås, var delaktig i utarbeidinga av ordninga som statssekretær under dåverande kulturminister Thorhild Widvey (H).

Foto: Eeg, Jon / NTB scanpix

Ville ha ein filantropisk tradisjon

– Småleg, seier Lise-May Sæle (H), som sit i hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland.

Ho legg til at det er «trist» at regjeringa med dette «fjernar eit insentiv som sikrar sårt trungne kroner frå det private til kulturlivet».

Direktør i stiftinga Fritt Ord, Knut Olav Åmås, var delaktig i utarbeidinga av ordninga då han var statssekretær under statsråd Widvey i Solberg-regjeringa.

– Det er trist. Det gjer delar av norsk kulturliv meir avhengige av staten, seier han.

Han seier tanken bak var å mane fram ein større filantropisk tradisjon i Noreg, og slik gjere kunst- og kulturlivet meir uavhengig av statlege middel.

Ei liknande ordning for forsking vart lagt ned av Høgre-regjeringa i fjor. Argumentet var at ordninga ikkje kunne vise til auka givarglede.

Knut Olav Åmås

TRIST: Direktør i Fritt Ord, Knut Olav Åmås, var statssekretær og ein av initiativtakarane bak ordninga. Han synest skrotinga er trist.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Særs uheldig

Festspillene i Bergen er Nordens største musikk- og teaterfestival. I fjor fekk festivalen nærmare 1,5 millionar kroner gjennom ordninga.

– Me meiner dette er særs uheldig. Ordninga har fungert positivt ved at støttespelarar får meir lyst til å gi, seier dagleg leiar i Festspillene i Bergen, Nina Skage.

No ventar ho spent på kva regjeringa vil erstatte ordninga med. (NB! Thorild Widvey, er i dag styreleiar i Festspillene.)

Det same gjer direktør i Førdefestivalen, Per Idar Almås.

For dei har ordninga sørga for 300.000 ekstra kroner å rutte med.

– Det har betydd ein god del økonomisk for oss. Me vil merke at det forsvinn, seier han.

Fra åpningskonserten til Festspillene i Bergen, 20. mai 2020.

STØTTE: I fjor fekk Festspillene i Bergen 1,5 millionar kroner gjennom ordninga.

Foto: Festspillene i Bergen/Thor Brødreskift

Ap og SV: Slår skeivt ut

Ordninga har vore omstridd sidan ho vart innført i 2014.

Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) har tidlegare uttala at ordninga er udemokratisk, fordi ho legg opp til at staten delegerer pengar basert på ønska til det private næringslivet.

«Smaken til dei store givarane bør ikkje styre offentleg støttemiddel», har vore mantraet frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

I tillegg har det vore sagt at ordninga favoriserer dei større aktørane i kulturlivet, og at ho slår skeivt ut geografisk.

Ved sist tildeling fekk kunst- og kulturliv i Oslo 42 prosent av potten.

– Kor er den private pengestraumen? Jo, i dei større byane, seier Pål Fidjestøl, som er fagsjef for gåver og prosjektutvikling i Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Han legg til at for dei har ordninga ingen effekt på kven dei gir støtte til.

o0XsA5JTcm0

SKROTAR: Kulturminister Anette Trettebergstuen (Ap) meiner ordninga fungerer udemokratisk.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB