Hopp til innhold

Redningsaksjon etter sakna kvinne i Bergen

Ei kvinne i 20-åra er sakna. Politiet, dykkarar frå brannvesenet, Røde Kors, forsvaret og luftambulansen assisterte i søket.

Leiteaksjon Kyrkjetangen i Bergen.

SØKER: Naudetatane søker etter ein person etter funn av klede ved sjøen ved Nordåsvannet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Det vart i føremiddag sett i gang ein fullskala redningsaksjon ved Kyrkjetangen i Bergen.

Bakgrunnen til søket er at det blei gjort funn av klede og nokre eigedelar nær eit stupebrett ved sjøkanten.

– Det er funn av ei jakke og sko, og det bekymrar oss at det blei funne så nære vatnet, seier innsatsleiar på staden, Christian Meyer, til NRK.

Christian Meyer Innsatsleiar Vestpolitidistrikt Bergen på Kyrkjetangen, i samanheng med leiteaksjon.

FØLGER SPOR: Politiet søker etter kven kleda kan tilhøyre medan mannskap leiter i sjøen.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Klokka 14.28 melder Vest politidistrikt i ei pressemelding at ei kvinne i 20-åra er meldt sakna.

Det er ikkje gjort funn, og søket held fram.

Det er også sagt at det var funne ein mobiltelefon med kleda. Men denne skal politiet ikkje lukkast å få liv i. Det var ikkje ID blant kleda.

Leiteaksjon Kyrkjetangen i Bergen.

MANGE RESSURSAR: Båtar frå Røde Kors og forsvaret søker i sjøen ved Nordåsvannet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Turgåar melde ifrå

Det var ein turgåar som gjorde funn av kleda og melde frå til politiet.

Det vart sendt store ressursar til staden. I tillegg til politiet og dykkarar frå brannvesenet, har luftambulansen gjort søk over sjøen. Og båtar frå Røde Kors og forsvaret søkte på sjøen. Politiet gjer søk i området med drone.

– Samtidig som vi leiter etter menneske i sjøen, som er det vi fryktar, blir det jobba med etterretning med det som er funne på land for å oppklare saka, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen i 11-tida.

undefined

UNDER VATN: Dykkarar frå brannvesenet leitte under vatn. Like før klokka 12 gjekk dei på land.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Klokka 12 er dykkarar frå brannvesenet gått på land. Luftambulansen har returnert til basen, og kystvakta er reist. Ambulansebåt og politiet er framleis i området.

Kyrkjetangen er ein populær badeplass ved Nordåsvannet sør for Bergen.

Søket går føre set ved Nordåsvannet.