Hopp til innhold

Her vert andemor og ungane redda

Brannvesenet måtte rykka ut til Arna etter ei uvanleg melding. Ei andemor og ungane hadde sett seg fast i ein kum.

Brannvesenet måtte rykka ut til Arna etter ei uvanleg melding. Ei andemor og ungane hadde sett seg fast i ein kum.

SJÅ VIDEO: Andefamilien måtte reddast av mellom anna brannvesenet då dei fall ned i ein mørk kum.

Det var klokka 08:30 at Hovudredningssentralen fekk melding om at ein Andemor og barna hennar hadde sett seg fast i ein kum i Ivar Åshårsvei i Arna.

Då var det berre for Bergen Arna brannstasjon å kasta seg i bilen og rykka ut til Arna.

Laster Twitter-innhold

– Det går veldig bra og detta er eit skikkeleg koseoppdrag, seier Svein Reistad underbrannmeister frå Arna brannstasjon.

Mor og fire andeungar er allereie redda opp, medan den siste må brannmannskapet fira seg ned i kumlokket for å redda ut.

Redda ut

Her er andefamilien trygt oppe igjen – og snart klar til å sleppast ut i vatnet igjen.

Foto: Svein Reistad

– Den gjev lyd ifrå seg så det går nok fint med den, seier Reistad.

Korleis andefamilien har klart å kome seg ned i kummelokket er enno usikkert.

– Vi veit ikkje heilt korleis dei har klart å kome seg ned i denne her, seier Reistad.

Uvanleg melding

– Vi fekk melding frå 100 sentralen fordi forbipasserande hadde oppdaga dei i den kummen her, og så hadde dei ringt til politiet, seier Reistad.

– Er det vanleg å gå ut på slike oppdrag for dykk?

– Det er ikkje vanleg, men det er ikkje heilt uvanleg heller. Men det er i alle fall sjeldan for oss her i Arna, seier ein munter Reistad.

Artig oppdrag

Reistad er glad for at oppdraget får ein lykkeleg slutt.

– No slipper vi dei laus og så satsar vi på at dei får eit fint sommarbad ute i sjøen her. Det er vel der dei trivst best. Dette er eit artig oppdrag, seier Reistad.

Sjå bileta frå det uvanlege redningsoppdraget: