Hopp til innhold

Redd Eidsgata vil døy

Kjøpesenter-planar i Nordfjordeid møter kritikk.

Eidsgata på Nordfjordeid
Foto: Ottar Starheim / NRK

Eit nytt kjøpesenter på mellom 6000 og 10.000 kvadratmeter er planlagt i sentrum av Nordfjordeid.

Kari Knævelsrud frå Framstegspartiet fryktar at kjøpesenteret vil vere øydeleggjande både for strandsona og småbutikkane.

Døy

– Vi kan ikkje byrje å styre på med fleire tusen kvadratmeter nede ved sjøen, utan å tenkje på korleis vi skal løfte Eidsgata, meiner Knævelsrud

Kva trur du vil skje med Eidsgata når det nye kjøpesenteret kjem?

– Eg er redd den kjem til å døy, sukkar ho.

Styrke handel

Ivar Moen, mannen bak kjøpesenteret Moengården i Nordfjordeid, ynskjer å etablere fleire butikkar i området, og er usamd med Knævelsrud.

– Det er mangel på ein del aktørar her i regionen. Publikum ynskjer fleire butikkar, og ved at vi etablerer eit kjøpesenter her, treng ein ikkje lenger å reise inn til Ålesund til dømes for å få tilgang til ein del tenester, fortel Moen.

Tilretteleggjing

Tidlegare denne veka la teknisk styre i Eid reguleringsplanane for Nordøyrane, det området aktørane ynskjer å etablere kjøpesenteret i, ut på offentleg ettersyn.

– Dette er eit prosjekt der ein ynskjer å fylle ut i fjorden, og på den måten tilretteleggje for nye butikkar, kontor og bustader, fortel utvalsleiar Sigurd Reksnes.

Tilstrøyming

Han deler Moen sin optimisme for prosjektet.

– Eg trur det at handel avlar meir handel. Dersom ein har gode tilbod på ein plass, vil tilstrøyminga av folk auke. Det trur eg vil tene både dei store og små butikkane, hevdar Reksnes.