Hopp til innhold

Reagerer mot urettvis ordning

Småkraftforeininga meiner dagens ordning for nettleige er urettvis, og ynskjer eit nasjonalt spleiselag ved utbygging av ny nettkapasitet.

Kraftline

– Vi syns det er heilt urimeleg at folk på Vestlandet skal måtte betale for dette. Det er ei nasjonal og internasjonal målsetjing om meir fornybar kraft for å redde klima. Då må vi og ta eit nasjonalt løft for å bygge linekapasitet. Det seier Knut Olav Tveit, som er dagleg leiar i Småkraftforeningen.

Får milliardrekning

Nyleg blei det kjent at nettkundane i Sogn og Fjordane snart får ei ekstrarekning på ein milliard for utbygginga av nettet som er naudsynt for å kunne ta unna ny fornybar energi. Austlendingane får straumen, men rekninga hamnar altså i Sogn og Fjordane, der straumen blir produsert. Tidlegare har Asgeir Aase i Sogn og Fjordane Energi gått ut og kritisert ordninga slik den er i dag.

Også industrien har ropt varsku om konsekvensane av at dei må betale meir for straum. Går nettleiga opp med 10 øre vil det til dømes koste Elkem i 70 millionar kroner i ekstra utgifter noko som vil vere kroken på døra.

Den gong svarte Olje- og energidepartementet at dei hadde sett ned ei ekspertgruppe for å sjå på problemet, og at dei ville vente med å vurdere dagens praksis til dei hadde fått rapporten frå gruppa som kjem no i 2014.

– Heile landet må med i spleiselag

Knut Olav Tveit

REAGERER MOT URETTVIS ORDNING: Knut Ola Tveit, dagleg leiar i Småkraftforeningen

Foto: Privat

– Utfordringa er at vi treng meir fornybar energi for å få fart på overgangen til det fosilfrie samfunnet, seier Tveit

Han seier småkraftprodusentane ikkje har økonomi til sjølve å ta på seg kostnadane med nettbygging. Samstundes meiner han det blir feil, å gjennom nettleiga, velta kostnadane over på innbyggarane i områda der straumen blir produsert.

– Skal vi få meir fornybar kraft må vi bygge ut meir småkraft, og henge det på nettet. Då må kapasiteten aukast, og det må storsamfunnet legge til rette for, slik at vi får eit spleiselag der heile landet er med.