Hopp til innhold

Reagerer mot mottaksplanar

Høyanger-ordførar Petter Sortland er svært frustrert over at fleire hundre asylsøkjarar kan bli plassert i det tomme fabrikkbygget til SIVA på Kyrkjebø, skriv Firda. Fylkesmannen har på oppdrag frå UDI kartlagt bygg som kan huse inntil 1000 asylsøkjarar i ein akuttfase, og vil melde SIVA-bygget inn som eit av få i fylket som eignar seg. Sortland er uroa for konsekvensane, og meiner kommunen allereie har teke på seg ansvar for mange nok asylsøkjarar.