Det var 8. mai i år at store vassmengder tok laus oppe under Flatbreen i Fjærland og saman med stein og jord fylte Tverrelvi og gjorde store skader på skog og mark i Supphelledalen.
To alternativ
No har NVE laga to alternative tiltak for å hindre at dette skal skje igjen. I begge alternativa inngår reinsking og istandsetting av Tverrelvi - kostnadsrekna til kring 2 millionar kroner. I tillegg kjem to alternative med sikringsvollar på begge sider av Tverrelvi nede mot Supphelledalen, og kostnaden er frå 1,8 til 2, 8 millionar.
Grunneigarar må betale
Det er ikkje foreslått noko tiltak oppe ved Flatbreen, der vassmengdene tok laus 8. mai, og årsaka er enkel.
-Det er ikkje fysisk mogeleg å gjere dette, seier ingeniør i NVE Inge Lavoll.
Det er naturskadefondet som dekker dei meste kostnadene med oppreinsking etter flaumen, og staten som tek 80 prosent av kostnadene med sikringa. Resten må dei to grunneigarane i Supphelledalen dekke.