Lerum fabrikker har lenge jobba for å endre reglane, slik at det vert lønsamt å bruke slike resirkulerbare eingongsflasker med pant. Slike flasker blir brukte berre ein gong før dei blir smelta og dei blir grunnlag for nye flasker. Rapporten frå Transportøkonomisk Institutt styrkjer Lerum Fabrikker si sak, seier logistikksjef Jan Audun Larsen i Lerum.
Arkivfoto Tor Sivertstøl NRK
Panteflasker omatt og omatt
I dag er det ei såkalla grunnavgift på flasker som ikkje kan fyllast på nytt. Og dermed er reglane slik at det er dei tradisjonelle flaskene som vert brukte opp att og opp att i panteautomatane som er det mest lønsame alternativet. - Ved å endre reglane kan ein spare miljøet for over 22.000 tonn CO2 i året, seier Olav Eidhammer i Transportøkonomisk Institutt.
Sparer mykje køyring
Lerum har lenge jobba for å fjerne avgifta som gjer det ulønsamt å bruke gjenvinningsflasker. Om dei kan transportere flasker som er trykte saman og resirkulere desse, sparer dei mange turar med lastebilane.
Lerum-anlegget på Kaupanger. Arkivfoto NRK
Vurdering i mai
No håpar logistikksjef Jan Audun Larsen i Lerum Fabrikker på at det vert ei endring i regelverket. I Finansdepartementet vil dei ikkje kommentere dette meir enn at det skal vurderast i revidert nasjonalbudsjett i mai.