Hopp til innhold

Radonhysteri i Bergen

Helsevernetaten ber alle huseigarar om å måla radonnivået i husa sine. Det er ikkje skremselspropaganda meiner avdelingsleiar i helsevernetaten.

Radonhysteri
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Ikkje ein einaste radonmålar er å oppdriva i Bergen etter at Helsevernetaten bad folk måla radon i husa sine.

– Fem på åtte byrja telefonane, og sidan har det berre gått. Me har fått lite tid til anna enn akkurat dette, seier arbeidande styreformann Jan Netland i Fiskal-Teknikk.

Statens strålevern har i år vedtatt å endra sine anbefalingar for radon. Strålevernet anbefaler no at tiltak bør utførast når radonnivået overstig 100 Bq/m3.

LES OGSÅ: Har du radon hjemme?

Den radioaktive edelgassen er den nest vanlegaste årsaka til lungekreft, og helsevernetaten avviser at dei driv med skremselspropaganda og skaper eit unødvendig hysteri.

– Som helsemyndigheit synest me ikkje det. Det er viktig at me får målt det og får gjort tiltak slik at folk ikkje blir utsett for radoneksponering, seier avdelingsleiar Sonja Skotheim i Helsevernetaten.

LES OGSÅ: Villedende radonsalg på døren

LES OGSÅ: 90 000 barn radon-utsatt