Hopp til innhold

Psykiatrisk fekk heiderleg omtale

Ungdomsavdelinga for psykisk helsevern i Helse Førde, får heidrande omtale for sin poetiske innleving

Juryen ser på Ungdomspsykiatrisk avdeling

Ungdomspsykiatrisk avdeling i Førde nådde ikkje heilt opp i kampen om byggeskikkprisen 2009, men fekk heiderleg omtale. Bilete er frå då juryen såg på Ungdomspsykiatrisk avdeling.

Foto: Anna Gytri / NRK

Avdelinga var mellom sju bygg som var nominerte til Statens Byggeskikkpris 2009.

- Poetisk innleving

Medan den gjevaste prisen innan norsk arkitektur- og byggebransje i år gjekk til Rogaland, fekk Ungdomspsykiatrisk avdeling i Førde heidrande omtale av juryen.

- Ungdomspsykiatrisk avdeling Førde får heidrande omtale for sin poetiske innleving i, og utvikling av institusjonen, samt sine sterke og tidsmessige nytolkingar av tradisjonelle motiv, metodar og materiale, skriv juryen.

Omkransar tun

Bygget er teikna av Nordplan Førde, ved arkitekt Arild Wåge, og vart ferdigstilt i 2004. Juryen trekkjer mellom anna fram at bygningsanlegget omkransar eit tun, som med enkel og god utforming gjev høve for opphald og ulike aktivitetar.

Juryen gjev bygget trekk for ikkje å vere heilt i tråd med det nivået for energibruk som departementet har sett for årets byggjeskikkspris.

Universet Studentbarnehage i Tromsø og Hundsund grendesenter på Fornebu i Bærum fekk også heiderleg omtale.

Pris til Rogaland

Den gjevaste prisen innan norsk arkitektur- og byggebransje gjekk i år til Preikestolen fjellstove i Rogaland. Juryen meiner fjellstova representerer framifrå formgjeving der nyskapande trearkitektur, miljø og stadsforståing er i fokus.

Preikestolen fjellstove

Preikestolen fjellstove i Rogaland fekk Statens Byggeskikkpris 2009.

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa delte i dag ut prisen på 200 000 kroner til byggherren Stavanger turistforening og arkitektkontoret Helen & Hard.