Hopp til innhold

Prøvde å truge Øberg frå dugnad

Ein profilert fotballeiar skal ha truga med å stogge forballturneringa Sognefjord Cup, dersom styreleiar i Helse Førde, Clara Øberg, fekk jobbe dugnad under turneringa.

Clara Øberg

Ein fotballeiar ville hindre at Clara Øberg jobba dugnad under ei stor fotballturnering i Sogndal.

Foto: Bård Siem / NRK

Leiar i Sogndal Fotball, Gunnar Solbakken, stadfester overfor Firda at dei har handtert ei sak opp mot Øberg si rolle i Sognefjord Cup og det det omstridde vedtaket i Helse Førde . Men han vil ikkje stadfeste innhaldet i trugsmålet som vart sett fram.

– Men vedkommande fekk klar melding om at dette ikkje var akseptabelt.

Øberg blei orientert

Turneringa er ei av landet største med 4000 unge deltakarar og blir arrangert av Sogndal Fotball. Clara Øberg har vore funksjonær i den tradisjonsrike turneringa i 20 år.

Ho seier ho blei orientert om hendinga, men ut over det vil ho ikkje kommentere kvifor det vart sett i verk spesielle tiltak.

– Eg tykkjer det er trist at folk ikkje klarer å skilje mellom sak og person. Eg hadde ikkje drøymt om å bli utsett for slikt, seier ho til avisa.

Ho vil frårå småbarnsforeldre å gå inn i denne type verv som ho har.

Avviser trugsmål

NRK har vore i kontakt med mannen som er skulda for trugsmål, men han avviser at han har kome med trugsmål overfor styreleiaren i Helse Førde.