Sterke protestar mot psykiatrirapport

Tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Florø er provoserte over at klinikken skal flyttast til Førde.

Psykisk helse

Illustrasjonsbilete

Foto: Henrik Sørensen / Scanpix Denmark

I følgje utgreiingsrapporten om psykisk helsevern som er laga for Helse Førde, bør psykiatrisk poliklinikk slåast saman. Sosionom Marit Melvær Berge i Florø ser ingen gode argument for flyttinga.

- Eg er for det første provosert over at dei har konkludert utan at vi har vore kontakta undervegs i prosessen. Og syns og det er merkeleg å gå inn for å leggje ned ein velfungerande poliklinikk, seier ho.

Kan spare 17,2 millionar

For dei tilsette ved psykiatrisk poliklinikk i Florø har rapporten om psykisk helsevern reist fleire spørsmål enn den har gjeve svar. Etter bestilling frå Helse Førde har ei prosjektgruppe kome med sitt forslag til korleis psykiatrien skal organiserast i Sunnfjord og Ytre Sogn i tida framover. Rapporten konkluderer med at det kan sparast 17,2 millionar kroner ved fleire tiltak. Men planen møter sterk motstand.

- Vanskeleg for pasientane

- Det krev mykje å reise til behandling i Førde når du må gå kanskje ein gong i veka, eller over lang tid. Det betyr at dei som er i arbeid kanskje må ta fri heile dagen. Mange av våre pasientar har det som sitt hovudproblem at dei har vanskar med å bruke offentleg transport og å passere tunnelar. Så eg kan ikkje sjå nokre gode argument for å flytte ein velfungerande poliklinikk, seier Melvær Berge.

Mest provosert er ho og dei andre tilsette i Florø over at dei ikkje har blitt spurt til råds. Men prosjektleiar Trond Aarre meiner det motsette.

- Vi har representantar frå psykiatrisk klinikk i Førde som er dei som driv poliklinikken i Florø, og dermed har klinikken fått gitt sine innspel undervegs, seier han.