Arkivfoto NRK
I dag er køyring med snøskuter berre lovleg på innmark og på private vegar. Men Aurland kommune gjer noko med dette. Dei vil opne for køyring i utmark, og har difor planar om å regulere eit område mellom Liaskorane og Grønestølen i Aurlandsdalen til øvingsbane.
Innanfor rammer og reglar
På denne måten får snøskutereigarane ein stad dei kan køyre lovleg, seier rådgjevar i kommunen, Bjørn Sture Rosenvold. - Eg synest det er spennande at dei prøver å få til eit øvingsområde, slik at vi kan få prøve å få styrt denne aktiviteten til bestemte område, og slik at dei som har snøskuter får bruke køyretyet innanfor visse rammer og reglar.
- Ein stad å lære
Og det er behov for ei slik bane, meiner leiar i Aurland snøskuterklubb, Erling Sønnerheim. - Det er eit behov for å ha eit område for å lære å køyre snøskuter. Difor bør det leggast til rette for det ein stad, seier han.
- Svært uheldig
Men planane om ei snøskuterbane midt i eit område som blir brukt av både turistar, hytteeigarar og villrein skaper debatt. Saka er no ute til høyring, og mellom dei som protesterer er Sogn og Fjordane Turlag. - Det er svært uheldig. Når du er i fjellet, er det for å kople av og høyre på stilla, seier leiar Jørgen Bruheim.
- Ikkje meir enn folk toler
Erling Sønnerheim i snøscooterklubben vedgår at det kjem til å bli litt støy, men ikkje meir enn kva folk bør tole, meiner han. Men hytteeigarane er ikkje samde. Iallfall Roald Brakstad frå Fyllingsdalen. Han har gjort det same som turlaget, sendt ein protest til kommunen. - Ei øvingsbane er slett ikkje velkomen, seier han.
- Ikkje lett å finne alternativ
Aurland kommune skal snart handsame denne saka politisk. Mange klager er komne inn, og skulle politikarane seie nei, blir det ikkje lett å finne andre lokalitetar for bana, seier rådgjevar i kommunen, Bjørn Sture Rosenvold.