Hopp til innhold

Prostituerte vert tvinga på bygda

Tøff konkurranse i dei store byane gjer at prostituerte no reiser ut i distrikta.

Prostitusjon
Foto: Thomas Bjørnflaten / Scanpix

I ein annonse på internett reklamerer to utanlandske prostituerte med at dei kjem til Sogn og Fjordane denne helga.

Camilla Hammergren, fagkonsulent for pro- senteret, støttesenteret for prostituerte, meiner dette blir meir vanleg framover.

- Det å reise ut i distrikta vil kanskje løne seg uansett, fordi det er ein udekka marknad der.

Utanlandske damer

Hammergren slår fast at dei prostituerte tener mindre i Oslo no enn før. Det fører til at flere vel å reise ut i distrikta.

NRK veit om to kvinner som kjem til Sogn og Fjordane i løpet av veka for å tilby seksuelle tenester.

Besøkte Sunnfjord Hotell

I utgangspunktet er prostitusjon lovleg , men det er straffbart å tene penger på andres prostitusjon. Damene tilbyr kundane å kome til hotellet dei bur på, og det er difor problematisk kva slags hotell dei vel å bu på.

Etter det NRK kjenner til skal kvinner som tilbyr seksuelle tenester i sommer ha budd på Rica Sunnfjord hotell i Førde. Det er noko direktør Odd Erik Gullaksen stiller seg helt uforståande til.

- Dette er heilt ukjent for oss. Vi har verken observert, vorte tipsa eller vorte fortalt om dette.

- Vil vere på vakt

- Kva vil du gjere for at dette ikkje skal skje igjen?

- Vi vil halde auge og øyre opne og gjere det beste vi kan. Det kan og vere aktuelt å tipse politiet om at det er slik aktivitet på veg til Førde. Vi vil ikkje ha slik aktivitet hos oss, og vi kjem til å reagere kraftig om det skulle skje.

Ukjent for politiet

Også lensmannen i Førde, Kjell Fonn reagerer då han får høyre at det kjem reisende prostituerte til Sogn og Fjordane.

- Vi vil ta kontakt med dei ulike overnattingsstadene og gjere dei merksame på at dei kan verte oppsøkte av prostituerte. 

Ber om tips

Lensmannskontoret i Førde har ikke kapasitet til å følgje med på kva som rører seg på internett. Sidan reklameringen for reisande prostituerte i stor grad skjer på nettet ber politiet publikum om hjelp.

- Vi er avhengige av at folk tipsar oss om denne typen trafikk.