0057: Politiet fekk melding om utforkøyring ved Holsen. Ein mann i 20-åra kom uskadd frå ulukka, men fekk førarkortet beslaglagt. Politiet mistenkjer at mannen har køyrt for fort, og det vert oppretta sak av Førde og Naustdal lensmannskontor.
0123: Ein mann i slutten av tenåra vart meld til politiet for urinering på offentleg stad i Florø sentrum.
0137: Ein person trua ei vakt ved ein utestad i Sogndal. Men ein kamerat henta vedkommande før politiet nådde fram.
0204: Ei vakt ved ein utestad i Sogndal vart skalla ned, og vart sendt til legevakt for kontroll. Politiet opplyser at gjerningsmannen er kjend, og at lensmannskontoret vil følgje opp saka.
0228: Politiet i Stryn måtte rykke ut til ein utestad etter melding om fleire personar som var hissige og knuffa på kvarandre. Politiet tok hand om situasjonen.
0235: I Førde måtte politiet rykke ut og roe ned to slåstkjempar. Ein person måtte til sjukehus med hovudskadar. Også denne saka vert føld opp av Førde og Naustdal lensmannskontor.
0300: I Florø måtte politiet rykke ut etter å ha fått melding om at ein person var skadd etter slåsting mellom to menn. Vedkommande vart henta av luftambulanse og frakta til Førde sentralsjukehus. Dei to involverte i slåstkampen skal vere i familie. Hendinga vil bli etterforska.
0307: Politiet måtte rykke ut etter melding om at ein person i Florø stod og ropte på utsida av huset. Det viste seg at vedkommande høyrde til i huset, opplyser politiet. Den rusa mannen vart formana om å roe seg ned og fekk komme inn i huset.
0322: I Olden rykka politiet ut etter melding om uro på privat stad. Ein mann hadde knust eit vindauge i kjellaren på eit hus. Det viste seg at vedkommande budde i huset. Mannen vart meld til politiet for å ha bråka i rusa tilstand.
0350: I Florø måtte politiet nok ein gong ta hand om ein person som bråka på utsida av eit hus i Botnaholten. Det viste seg at vedkommande hadde øydelagt ei dør. Den rusa mannen høyrde til i huset.